lørdag 1. desember 2012

Prosessen


Denne gongen har eg lese klassikaren Prosessen av Franz Kafka (1883-1924). Omsider har eg lese ei av dei viktigaste bøkene i historien, som kom ut i 1925. Dette er ei bok som det stadig vert referert til. Ein "kafkaprosess" tyder; "en absurd byråkratisk eller rettslig forfølgelse av et enkeltmenneske som forstår lite eller ingenting av hva som foregår" (Wandrup, 2010). Kjenner du deg igjen? Vi klagar støtt og stadig på det veksande byråkratiet, og at vi må passe oss for ikkje å bli saksøkt. Denne boka er derfor høgaktuell, slik klassikarar ofte er.

Ein morgon kjem nokre menn og skal arristere hovudpersonen Josef K., men han får ikkje vite kvifor. Han får beskjed om å leve livet som vanleg og går kvar dag på jobb. Etter kvart treff K. forskjellige menneske som på ulike vis prøver å hjelpe han med prosessen han er i, utan at han vert noko klokare av den grunn.

Det heile er absurd, forvirrande og til tider svært morsomt fortald. Stemninga er "kafkask", ei kjensle av avmakt, fremmedgjering og uverkelegheit. Tema er framandkjensle, men også ufridom. Handlingane til K. er irrasjonelle; han er likegyldig til det heile, eller han angrip i staden for å forsvare seg. Romanen har noko "hamsunsk" over seg, særleg tenkte eg på Mysterier og Sult. Prosessen er også modernistisk tvers gjennom, og den tar opp tema som var sentrale då.


Kilde: Wandrup, F. 2010, "Aldri skjønt hva Kafkas "Prosessen" handler om?", Dagbladet, 16.07.2010. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar