lørdag 21. april 2012

Nynorsk vs. bokmål

Eg er blitt spurt om kvifor eg skriv på både nynorsk og bokmål, og dette er eit forsøk på å gje eit svar.

Eigentleg er det ikkje nokon spesiell grunn. Eg likar å skrive på begge målformene. Å skrive på nynorsk gjer at eg må tenke annleis. Det er ikkje sikkert eg meistrar det heilt, og eg må bruke ordlista. Samstundes opplever eg at det er enklare å skrive på nynorsk fordi det er eit meir muntleg språk. Nynorsk ligg nærare det talte, frå val av enklare ord til setningsoppbygginga.

Eg trur også dette heng saman med kva eg les. Eg les ein god del skjønnlitteratur på nynorsk. Og det har slått meg i det siste, at det meste av den nynorske litteraturen eg les, er humoristisk. Det er morosame, litt rare, absurde tekstar. Bøkene eg har lest på bokmål er, med unntak av Thure Erik Lund og Erlend Loe, inderleggjerande, alvorlege, nedtona og triste.

Den nynorske litteraturen er altså lettare, tragikomisk, men også nyskapande i forma. Eg har til dømes lese Frode Gryttens små twitterhistorier, som han sjølv vil at skal vere større enn dei 140 tegna. Jon Fosses Prosa frå ein oppvekst er andre korte, enkle fortellinger frå ein oppvekst, men dei er gjenkjennande og sprengjer seg ut av formatet sitt.

Kva er så svaret? Nokre gonger er det lettare å skrive nynorsk, det er meir rett fram, det er morosamt. Andre gonger er det greit å skrive på bokmål, men då tar eg meg sjølv i å pusse meir på språket, eg er ikkje så fri som når eg skriv på nynorsk. Og grunnen til det, er vel at det nynorske er meir dialektnært, medan bokmålet er meir aristokratisk, og skapar ein distanse mellom skrivaren og innhaldet. Det kjendes kunstig, rett og slett.

Bilde: ragnhildaas


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar