tirsdag 21. februar 2012

Det tragikomiske

Det er noko som går igjen i komiske bøker, og det er ofte at komikken er nært knytta til det tragiske. Marit Eikemos Samtale ventar, som kom ut i 2011, er eit godt døme på dette. Handlinga i boka tek til i den litle industribygda Einvik. Hovudpersonen Elisabeth Brenner kjem hit for å samle inn dialektar. Ho har vore arbeidslaus ei stund, og er no på attføring. I Einvik kjem Elisabeth i kontakt med fleire tragikomiske menneske.

Figurane i boka til Eikemo er morosame fordi dei har nokre særtrekk som også er knytta til noko tragisk. Dei har ein eller annan last, som lesaren ler av. Vi har til dømes den lokale forfattararen Sveinung Sel som ikke får til å skrive fordi han ikkje klarar å halde seg unna nettporno. Han er ein komisk karakter fordi han har ei last som han ikkje sjølv klarar å styre. Det er klassisk komikk, hovudet og kroppen samarbeidder ikkje. Vi finn også ein bitter og singel fotograf som snakkar med avsky om alle brullypsbilete ho har teke, men som ikkje blei anna enn skilsmisse og tragedie. Vi møtar også ein lege som finansierar eit russenter ved å selge dop til ungdommane i bygda. Sjølv om karakterane er karikerte, er dei gjenkjennelege. Kanskje er det fordi mennesket nettopp er kontrastfullt og irrasjonelt, vi er ikkje feilfrie.

Den mest tragikomiske karakteren i Samtale venter, er hovudpersonen sjølv. Elisabeth har kome til ein ny plass og dette skal markere ein ny start. Det går ikkje heilt som ho har planlagt. Elisabeth seier ikkje dei rette orda og ho gjer ikkje dei rette handlingane, sjølv om ho gjerne vil. Sjølv når ho har gjort ei god gjerning, klarar ho å rote det til for seg sjølv, slik som då ho etter å ha sete hos ei gammal dame utan familie ved dødsleiet hennar, tek bilete av liket og visar det til andre fordi ho så gjerne vil dele den vakre augenblinken. Elisabeth er eit einsamt menneske, ho rotar til det sosiale livet i røynda og til slutt også på Facebook. Da er det ikkje mykje igjen å le av, og slutten på boka er heller ikkje morosam, den er trist og mørk. Eit sitat frå boka kan kanskje symbolisere korleis Elisabeth opplever livet sitt. Det er også poetisk skrive:


"Eg stod på gangen, lente panna mot det store, kalde vindauget som var vendt mot elva, stira på vatnet som rann utanfor, og tenkte at det er aldri den same elva, vi ser aldri det same. Alt saman bare renn forbi" (Eikemo, 2011,  s. 247).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar