tirsdag 17. januar 2012

Når det lokale blir framand

Marta Norheim tek i sitt innlegg "Provinsiell eller lokal" opp eit interessant aspekt om litteraturen. Ho skriv at litteraturen ikkje kan vere både global og lokal. Litteraturen må velgje seg eit lokalt miljø. "All stor litteratur er lokal". Viss ein skal skrive om eit miljø ein ikkje kjenner til, er det lett å ty til klisjear og stereotypar.

Dette kan eg kjenne meg igjen i når eg les bøker. Etter å ha bodd i Oslo i fleire år, er det spennande å lese bøker med handlinga lagt til områder eg kjenner. Eit døme er Halvbroren av Lars Saabye Christensen, som held seg mykje i området rundt Marienlyst og Bislett. Her kan eg lett sjå føre meg parkane og gatene som skildrast i boka. Dette heng saman med at vi liker å kjenne oss igjen i det vi les, då speglar litteraturen liva våre. Norheim skriv: "Livet er lokalt, litteraturen er lokal".

For at lesarane skal kunne kjenne seg igjen, må det lokale skildrast nøyaktig med luktar, lydar og fargar som er truverdige. Det er som når nokon seier om ei bok: «eg opplevde at eg var i India, fordi forfattaren skildra alt så godt!» Norheim hevdar at jo mindre ein veit om landet som det skrivast frå, jo meir trur ein på at det er sant det som står der. Altså, jo mindre ein veit, jo betre leseopplevelse!

Men tilbake til det lokale og det kjente. Er det ikkje rart at ein kan synast det er spennande å lese om ei gate ein sjølv ha tråkka opp og ned tusen gonger? Er det fordi den blir gjort framand? Er det fordi den blir skildra med vakre ord og pakka inn i ei poetisk form? Eg trur svaret ligg her. Eg trur også kjernen i litteraturen si kraft ligg her. Det kjente blir gjort framand, røynda blir skrive om. Som lesar opplever ein ei dobbel erkjenning, både gjenkjenning og ei oppleving av det kjente i ei ny form.





Foto: Nasjonalbiblioteket
Kilde: Bokbloggen NRK 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar