mandag 25. juni 2012

Gå, eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv

Eg gjekk ein gong i ein park og las Gå, eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv av Tomas Espedal og tenkte at; Ja, sånn er det. Sånn er det faktisk! Han sette ord på det ordlause, på ei kjensle som eg hadde tenkt på, men ikkje klart å forklare. Eg såg ein benk, men ein gamal mann knabba den rett føre auga mine. Eg tenkte at det ikkje gjorde noko, for å gå løyser problem, det sett tankane i sving og ideane kjem hoppande. Då treng ein noko å notere i, og eg skjønte dei som seier dei aldri går ut av døra utan ei notatbok, skjønt i dag kan ein kanskje bruke smarttelefonen til slikt.

Det er medan du spring langs ei sti med bekken sildrande på eine sida, og skogen tung og grøn på andre sida, at du får lyst til å skrive! Der er når du går på ein fjellknaus med ein tung sekk på ryggen at du får ein idé til ei setning, eit dikt eller ein roman. Ja, ein roman! Men det er ikkje berre det å gå som setter hovudet i sving, det er å arbeide med kroppen, gjere noko fysisk slitsamt som ikkje treng hjernekapasitet utover å sørge for at refleksane fungerer. Kroppen arbeider med sitt maskineri medan hovudet arbeider med sitt. Saman lever dei eit vilt og poetisk liv!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar